Vurdering i vidaregåande opplæring

(Opplæringslova § 3-4 første ledd og § 4A-4 femte ledd, privatskulelova § 31)

Verkeområde og definisjonar

§ 4-1 Rett til vurdering

Elevar, lærlingar og lærekandidatar i offentleg vidaregåande opplæring og i private vidaregåande skolar godkjende etter privatskulelova § 3 bokstav a, c og d, har rett til vurdering etter reglane i dette kapitlet. Det same gjeld privatistar og praksiskandidatar. Fylkeskommunen og dei private skolane har ansvaret for at rettane til elevane, lærlingane og lærekandidatane blir oppfylte. For vaksne i opplæring organisert for dei gjeld reglane i §§ 4-59 - 4-67 uttømmande. For vaksne som følgjer ordinær opplæring i vidaregåande skole, gjeld dei andre reglane om vurdering i kapittel 4.

§ 4-2 Verkeområde

Reglane i dette kapitlet gjeld

  • vurdering, eksamen, fag- og sveineprøve, kompetanseprøve og dokumentasjonsordningar som gjeld vidaregåande opplæring etter opplæringslova
  • karaktersystemet i vidaregåande skole og fagopplæring
  • oppmelding til eksamen, fag-/sveineprøve og kompetanseprøve
  • fritak for vurdering i fag
  • fritak for fag
  • reaksjonar ved brot på eksamensføresegnene.

§ 4-3 Definisjonar

  • Elev er etter reglane i dette kapitlet ein som er teken inn i den vidaregåande skolen, og som har teke imot plassen. Ein elev kan vere heilkurselev eller delkurselev.
  • Lærling er ein som har skrive lærekontrakt med sikte på fag- eller sveineprøve i fag som har læretid i bedrift, jf. forskrifta § 1-3 og opplæringslova § 4-1.
  • Lærekandidat er ein som har skrive ein opplæringskontrakt med sikte på ei mindre omfattande prøve enn fag-/sveineprøve, jf. opplæringslova § 4-1.
  • Praksiskandidat er etter reglane i dette kapitlet ein som har meldt seg til fag- /sveineprøve etter opplæringslova § 3-5 utan å vere elev eller lærling.
  • Privatist er etter reglane i dette kapitlet ein som har meldt seg til eksamen utan å vere elev.
  • Fyrstegongsprivatist er etter reglane i dette kapitlet ein som har meldt seg til eksamen utan å vere elev og som ikkje har karakter i faget korkje som elev eller privatist.
  • Eksamen er den prøva som blir organisert etter reglane i dette kapitlet, og som blir halden ved avslutninga av fag. Omgrepet omfattar ikkje den praktiske delen av fag- /sveineprøva.
  • Fag-/sveineprøve er den avsluttande prøva for lærlingar og praksiskandidatar.
  • Kompetanseprøve er den avsluttande prøva for lærekandidatar.

Vurdering

§ 4-4 Grunnlaget for vurdering

Grunnlaget for vurdering i vidaregåande opplæring er dei samla måla for opplæringa slik dei kjem til uttrykk i den generelle delen av læreplanen og i læreplanane for dei enkelte faga og kursa. Vurderinga skal gi uttrykk for i kva grad måla for opplæringa (individnivå) er nådd. Vurderinga skal også gi uttrykk for i kva grad skolen/lærebedrifta si organisering, tilrettelegging og gjennomføring av opplæringa medverkar til å nå dei mål som er fastsette i dei fagspesifikke læreplanane og i den generelle delen av læreplanen, jf. forskrifta § 2-1.

§ 4-5 Gruppering av den samla vurderinga

I dette kapitlet blir vurderinga delt inn i to grupper i forhold til dei samla måla i læreplanane:
a. Individuell vurdering som blir avslutta med karakter.
b. Individuell vurdering som ikkje blir avslutta med karakter.
Ved individuell vurdering av elevar, lærlingar og lærekanditatar skal det leggjast vekt på løpande munnleg og skriftleg tilbakemelding, oppfølging og rettleiing i forhold til dei mål den enkelte eleven, lærlingen og lærekanditaten arbeider mot.

§ 4-6 Generelt om karakterar i fag/kurs

I fag/kurs blir vurderinga avslutta med standpunktkarakter og eventuelt eksamenskarakter for elev i skole, og med karakterar til fag-/sveineprøve for lærling og for elev som tek den avsluttande fagopplæringa i skole. Karakterane i fag/kurs skal gi uttrykk for i kva grad måla i dei fagspesifikke læreplanane er nådd. Dette gjeld også dei mål i den generelle delen av læreplanen som er nedfelte i måla i dei fagspesifikke læreplanane for faget/kurset, deriblant fellesmål. Skole og lærebedrift har plikt til å informere eleven/lærlingen/lærekandidaten om kva som er grunnlaget for karakterane.

§ 4-7 Standpunktkarakterar og terminkarakterar i fag/kurs for elevar

Standpunktkarakterar i fag/kurs skal gi uttrykk for i kva grad eleven har nådd dei fastsette måla, jf. forskrifta § 4-6. Rektor har ansvaret for at faglæraren, etter drøfting i møte der lærarane for klassen er til stades, set standpunktkarakterar eller gjer vedtak om at standpunktkarakterar ikkje kan givast. Som grunnlag for standpunktkarakter skal det normalt setjast to separate terminkarakterar som blir gjorde kjende for eleven/foreldra, éin for første termin og éin for andre termin. Den første terminkarakteren skal givast rundt midten av opplæringsperioden. Eleven skal få opplyst karakteren i andre termin samtidig med standpunktkarakteren. Ved eventuell periodisering av opplæring knytt til eit fag eller til komprimert opplæring som ikkje går over to ordinære terminar, skal det givast terminkarakter midt i perioden og ved slutten av perioden, slik at standpunktkarakter blir gitt på bakgrunn av to terminkarakterar. Ved fastsetjinga av standpunktkarakterar skal det leggjast størst vekt på resultatet for 2. termin. Eksamen i eitt eller fleire fag som er halden før vedtaket om standpunktkarakter er gjort, vil bli annullert dersom eleven ikkje har oppnådd terminkarakter etter 2. termin som del av grunnlaget for standpunktkarakter i faget/faga.

§ 4-8 Eksamenskarakterar og karakterar ved fag-/sveineprøve

Karakterar til eksamen og fag-/sveineprøve skal gi uttrykk for i kva grad ein har nådd dei måla ein blir prøvd i. Eksamens- og prøveformene og dei oppgåvene som blir laga, skal utformast med tanke på at ein så stor del av måla som mogleg kan bli vurderte ved eksamen og ved fag-/sveineprøve, jf. forskrifta § 4-6.

§ 4-9 Standpunkt- og terminkarakterar i orden og åtferd for elevar

For elevar skal det givast ein felles karakter i orden og åtferd. Karakteren i orden og åtferd skal gi uttrykk for

  • om eleven sine arbeidsvanar er prega av ansvar, orden og at eleven er ryddig, punktleg og påliteleg
  • om eleven opptrer omsynsfullt, realt og høfleg mot andre.

Kriteria for karakterane i orden og åtferd skal gjerast kjende for eleven. Rektor har ansvaret for at terminkarakter og standpunktkarakter i orden og åtferd blir sette etter drøfting i møte der alle lærarane i klassen er til stades. Standpunktkarakterane i orden og åtferd skal baserast på to terminkarakterar.

§ 4-10 Individuell vurdering som ikkje blir avslutta med karakter

Eleven/lærlingen/lærekandidaten skal få løpande individuell rettleiing og vurdering i forhold til måla i dei fagspesifikke læreplanane, under dette fellesmål, t.d. når det gjeld hans/hennar arbeid og utvikling i faget, med sikte på å hjelpe eleven/lærlingen til å nå desse måla på best mogleg måte. Lærekandidaten skal ha vurdering og rettleiing i samsvar med den opplæringsplanen som er utarbeidd for han/henne, jf. forskrifta § 6- 37 eller opplæringslova § 5-5 første ledd. Eleven/lærlingen/lærekandidaten skal få løpande individuell rettleiing og vurdering i forhold til dei mål i den generelle delen av læreplanen som ikkje inngår i dei fagspesifikke læreplanane, med sikte på at han/ho skal kunne nå desse måla på best mogleg måte. Individuell vurdering som ikkje blir avslutta med karakter, skal givast for å utvikle heilskapleg kompetanse hos eleven/lærlingen/lærekandidaten, i samsvar med dei samla måla for opplæringa, mellom desse verdi- og holdningsmål, og utvikling av eigenskapar og dugleik. Som ein del av den individuelle rettleiinga og vurderinga som ikkje skal avsluttast med karakter, skal skolen/lærebedrifta minst ein gong kvart halvår gjennomføre ein samtale med eleven/lærlingen/lærekandidaten. Det er fylkeskommunen sitt ansvar å sjå til at rettleiinga og vurderinga blir gjennomført etter intensjonane.

§ 4-11 Planlegging, gjennomføring og vurdering av opplæringa

Den enkelte skolen/lærebedrifta skal ha eit system som sikrar at opplæringa blir planlagd, gjennomført og vurdert i samarbeid med eleven/lærlingen/lærekandidaten og som sikrar at opplæringa er i tråd med den generelle delen av læreplanen og dei fagspesifikke læreplanane. Elevane/lærlingane/lærekandidatane skal få ei innføring som gir grunnlag for å kunne delta aktivt i dette arbeidet.

§ 4-12 Karakterar for elevar/privatistar i den vidaregåande skolen og for kandidatar til den teoretiske delen av fag-/sveineprøva

Vurderinga med karakterar er delt inn i denne grupperinga:

  • Over middels måloppnåing i faget
  • Middels måloppnåing i faget
  • Under middels måloppnåing i faget
  • Inga måloppnåing i faget. For elevar/privatistar i den vidaregåande skolen og for kandidatar ved den teoretiske delen av fag-/sveineprøva skal det brukast talkarakterar dersom ikkje anna er bestemt i medhald av reglane i dette kapitlet eller i læreplanen for faget. Relatert til dei mål som er fastsette i læreplanane, har dei enkelte karaktergradane dette innhaldet:
  • Over middels måloppnåing i faget:
    Karakteren 6 og karakteren 5. Karakteren 6 gir uttrykk for svært høg måloppnåing i faget. Eleven/privatisten/kandidaten viser sjølvstende og utmerkjer seg spesielt. Karakteren 5 gir uttrykk for høg måloppnåing i faget, men eleven/privatisten/kandidaten viser noko mindre sjølvstende.
  • Middels måloppnåing i faget:
    Karakteren 4 og karakteren 3. Karakteren 4 gir uttrykk for middels eller noko over middels måloppnåing i faget. Karakteren 3 gir uttrykk for noko under middels måloppnåing i faget.
  • Under middels måloppnåing i faget:
    Karakteren 2 eller karakteren 1. Karakteren 2 gir uttrykk for mangelfull og usikker måloppnåing i faget. Karakteren 1 gir uttrykk for svært svak og utilstrekkeleg måloppnåing i faget.
  • Inga måloppnåing i faget:
    Karakteren 0.

Det skal berre brukast heile talkarakterar. Bestått tilsvarer karakterane 2 - 6. Departementet kan i spesielle tilfelle bestemme ei anna grense for bestått.

§ 4-13 Karakterar ved den praktiske delen av fag-/sveineprøva

Ved den praktiske delen av fag-/sveineprøva blir det brukt ein tredelt skala: “Bestått mykje godt”/”Bestått meget godt” - “Bestått” - “Ikkje bestått”/”Ikke bestått”. Relatert til måla i dei fagspesifikke læreplanane har desse karakterane dette innhaldet:

  • Bestått mykje godt/Bestått meget godt:
    Mykje tilfredsstillande måloppnåing i faget.
  • Bestått:
    Tilfredsstillande og middels måloppnåing i faget.
  • Ikkje bestått/Ikke bestått:
    Mykje svak eller inga måloppnåing i faget.

§ 4-14 Karakterar i orden og åtferd

Karakteren i orden og åtferd skal setjast etter ein tredelt skala: God, Nokså god, Lite god. Karakteren God skal beskrive den vanleg gode orden og åtferd. Nokså god skal nyttast ved klare avvik frå vanleg god orden og åtferd. Karakteren Lite god skal nyttast i ekstraordinære tilfelle av mykje svak orden og åtferd.

§ 4-15 Fritak for vurdering i kroppsøvingsfaget

Elevar som ikkje kan følgje den ordinære opplæringa i den praktiske delen av kroppsøvingsfaget, skal givast tilrettelagd opplæring. Fritak for vurdering av den praktiske delen av faget skal givast når den tilrettelagde opplæringa ikkje kan vurderast med karakter. Det blir ikkje gitt fritak for vurdering av den teoretiske delen. Elevar med fritak for vurdering i den praktiske delen av kroppsøvingsfaget kan få vitnemål.

§ 4-16 Fritak for fag eller del av fag

Normalt skal elevane følgje alle fag i eit kurs. Rektor kan likevel etter søknad gi fritak for fag som inngår i fagfordelinga i eit kurs, dersom vedkomande tidlegare har bestått det same faget eller har bestått likeverdig eller meir omfattande opplæring i faget. Dette gjeld ikkje for faget kroppsøving. For den praktiske delen av faget kroppsøving kan rektor etter søknad gi fritak når det ved fråsegn frå lege er dokumentert at opplæringa er til skade for eleven, og tilpassa opplæring ikkje er mogleg.

§ 4-17 Varsling ved ikkje bestått eller ikkje gitt karakter

Dersom det er fare for at ein elev får ikkje bestått standpunktkarakter, under dette at det ikkje er grunnlag for å gi karakter på grunn av stort fråvær, skal eleven/foreldra givast skriftleg varsel utan ugrunna opphald etter at det er blitt klart at slik fare ligg føre. Det same gjeld dersom det er fare for at ein elev kan få karakteren Nokså god eller Lite god i orden og åtferd.

§ 4-18 Særlege føresegner ved vurdering av privatistar

Privatist skal berre givast karakter ved eksamen.

Dokumentasjon

§ 4-19 Typar av dokumentasjon

Følgjande dokumentasjon kan utferdast til elevar:

  • Vitnemål
  • Kompetansebevis
Dokumentasjonen blir utferda av skolen. Følgjande dokumentasjon kan utferdast til lærlingar:
  • Fag-/sveinebrev
  • Kompetansebevis

Til lærekandidatar skal det utferdast kompetansebevis. Kompetansebeviset skal vise kva opplæring lærekandidaten har gjennomført, og korleis opplæringa er vurdert. Dokumentasjonen blir utferda av fylkeskommunen ved yrkesopplæringsnemnda i samarbeid med lærebedrifta og prøvenemnda. Departementet fastset dei formulara som skal nyttast etter denne paragrafen.

§ 4-20 Rett til dokumentasjon

Alle som har gjennomgått vidaregåande opplæring etter opplæringslova, har rett til å få opplæringa dokumentert.

§ 4-21 Rett til ny dokumentasjon

Ein elev/privatist som oppnår ny(e) karakter(ar) i fag eller som tek nye fag, har rett til ny dokumentasjon etter reglane i denne paragrafen.

Nytt vitnemål kan utferdast på grunnlag av

  • nytt fag som blir teke til erstatning for tidlegare fag
  • ny eksamenskarakter som er betre enn gjennomsnittet av tidlegare oppnådd standpunktkarakter og eksamenskarakter, dersom eleven/privatisten tidlegare har oppnådd både standpunktkarakter og eksamenskarakter i faget
  • ny eksamenskarakter som er betre enn tidlegare oppnådd standpunktkarakter, dersom eleven/privatisten tidlegare har oppnådd standpunktkarakter, men ikkje eksamenskarakter, i faget
  • ny eksamenskarakter som er betre enn tidlegare oppnådd eksamenskarakter dersom eleven/privatisten tidlegare har oppnådd eksamenskarakter, men ikkje standpunktkarakter, i faget.
Dersom eit vitnemål eller eit kompetansebevis går tapt, skal det utferdast nytt, identisk vitnemål/kompetansebevis.

§ 4-22 Vitnemål

Vitnemål blir gitt som dokumentasjon for bestått treårig opplæringsløp som gir studieeller yrkeskompetanse i fag som ikkje har læretid i bedrift. For å få utferda vitnemål, må som hovudregel alle fag og eksamenar som kjem til uttrykk på vitnemålet i medhald av læreplan, vere bestått, sjå likevel §§ 4-15, 8-2 og 4- 23 første og andre ledd.

§ 4-23 Unntak frå vilkåra for å få vitnemål

Privatistar i yrkesfaglege studieretningar som har minst 5 år allsidig praksis i faget, eventuelt inkludert opplæring i faget, er fritekne frå kravet om felles allmenne fag for å få yrkeskompetanse.

Elevar i yrkesfaglege studieretningar som har fulgt opplæringa, men ikkje bestått i inntil to av dei felles allmenne faga som inngår i fag- og timefordelinga for opplæringa, kan likevel i særskilde tilfelle få utferda vitnemål som gir yrkeskompetanse. Samtykke til slikt unntak kan givast når eleven anten

  • har vore friteken for vurdering med karakter i faget/faga i grunnskolen eller
  • har vore friteken for vurdering med karakter i faget/faga i den vidaregåande skolen eller
  • har spesifikke lærevanskar (t.d. store lese- og skrivevanskar eller store matematikkvanskar). Slike vanskar kan også vurderast etter at standpunktkarakter er sett eller eksamen har vore gjennomført.

I dei yrkesfaga der det er knytt offentleg nasjonal eller internasjonal sertifisering til eit utferda vitnemål, kan det ikkje gjerast unntak i strid med slike sertifiseringsføresegner. Før søknad om unntak etter andre leddet kan bli behandla, skal det liggje føre dokumentasjon som viser at vilkåra er oppfylte. Dokumentasjonen må vere av nyare dato. Før søknad om unntak etter tredje strekpunkt i andre leddet kan bli behandla, skal det liggje føre sakkunnig vurdering. Den pedagogisk-psykologiske tenesta skal sørgje for at slik vurdering blir utarbeidd.

Rektor avgjer søknad om unntak i samsvar med vilkåra i andre leddet. Det kan ikkje givast førehandstilsegn om unntak etter denne paragrafen.

§ 4-24 Føring av karakterar på vitnemålet

I dei felles allmenne faga som har fleire nivå som byggjer på kvarandre, skal berre karakterar som er oppnådd på høgste nivået førast på vitnemålet. I dei studieretningsfaga som har fleire nivå, skal alle karakterar oppnådde på kvart nivå førast på vitnemålet. I dei studieretningsfaga der departementet har fastsett at nivåa byggjer på kvarandre, treng ikkje privatistar ta eksamen på lågare nivå. Dersom privatisten har karakter på lågare nivå i faget, skal denne førast på vitnemålet.

§ 4-25 Fag-/sveinebrev

Fag-/sveinebrev blir utferda som dokumentasjon for bestått fag-/sveineprøve.

§ 4- 26 Kompetansebevis

Kompetansebevis blir utferda som dokumentasjon for vidaregåande opplæring i dei tilfella vilkåra for å få vitnemål eller fag-/sveinebrev ikkje er oppfylte. Kompetansebevis blir utferda som dokumentasjon for modular og fag der det blir gitt standpunktkarakter og/eller eksamenskarakter. Kompetansebevis blir òg utferda som dokumentasjon for gjennomgådd opplæring.

§ 4-27 Fråvær

Alt fråvær for elevar skal førast på vitnemål og kompetansebevis. Fråvær skal førast i dagar og enkelttimar. For delkurselevar skal fråvær førast berre i timar. Årsak til fråvær kan krevjast ført på dokumentasjonen. Eleven eller kursdeltakaren har sjølv ansvaret for å dokumentere årsaka til fråværet. Organisert eller sjølvstendig studiearbeid, deriblant skoleadministrative gjeremål, etter avtale med faglærar eller rektor, blir ikkje rekna som fråvær. Avgrensa oppover til i alt 14 dagar i skoleåret skal følgjande ikkje førast som fråvær og bør søkjast kompensert ved eigen innsats frå eleven, tilrettelagd av skolen:

  • Arbeid på regionalt plan eller landsplan som tillitsvald i landsdekkjande organisasjonar
  • Arbeid på regionalt plan eller landsplan som tillitsvald i elevorganisasjon
  • Dokumenterte lovpålagde oppmøte
  • Dokumentert langvarig eller kronisk sjukdom
  • Organisert hjelpearbeid i krisesituasjonar
  • Inntil to dagar ved religiøse høgtider for elevar som er medlemmer av andre trussamfunn enn Den norske kyrkja.
Stort fråvær kan medføre at grunnlaget for å gi vurdering med standpunktkarakter manglar.

§ 4-28 Dokumentasjon for privatistar og praksiskandidatar

Privatistar har rett til følgjande dokumentasjon når krava er innfridde:

  • Vitnemål
  • Kompetansebevis Privatist som har dokumentert likeverdig eller meir omfattande opplæring i enkeltfag, kan etter søknad bli friteken for faget. Praksiskandidat har rett til fag-/sveinebrev når den teoretiske og den praktiske delen av fag-/sveineprøva er bestått.

    Eksamen

    § 4-29 Generelle føresegner

    Departementet fastset kva fag som skal avsluttast med eksamen, forma på eksamen, fordelinga på lokale og sentrale eksamenar og instruks for den praktiske gjennomføringa av eksamen. Når eit fag blir trekt, skal eleven normalt få vite kva fag han/ho skal prøvast i 48 timar før eksamen (søndagar, høgtidsdagar og heilagdagar ikkje medrekna). Den som har fullført eit fag, kan trekkjast ut til eksamen i faget.

    § 4-30 Sentralt gitt eksamen

    Ved sentralt gitt eksamen fastset departementet eksamensoppgåver, dato for den enkelte eksamenen, trekking av fag og elevar til eksamen, dato for melding om trekkfag og ordningar for sensur. Fylkeskommunen har ansvaret for den praktiske gjennomføringa av eksamen.

    § 4-31 Lokal eksamen

    Fylkeskommunen har ansvaret for

    • at det blir utarbeidd og fastsett eksamensoppgåver etter retningslinjer gitt av departementet
    • at trekking av fag og kandidatar til eksamen går føre seg i samsvar med retningslinjer fastsette av departementet
    • at sensurering går føre seg i samsvar med retningslinjer fastsette av departementet
    • den praktiske gjennomføringa av eksamen og sensur.
    Faglærar har plikt til å utarbeide forslag til eksamensoppgåver.

    § 4-32 Ny eksamen

    Ein elev som får karakteren 1 eller 0 ved eksamen, har rett til ny eksamen i faget.

    § 4-33 Utsett eksamen

    Ein elev/privatist som har dokumentert gyldig forfall ved ordinær eksamen, har rett til å framstille seg til utsett eksamen. Forfall til eksamen blir rekna som gyldig når eleven/privatisten er hindra frå å stille til eksamen, når hindringa er uføreseieleg og kandidaten elles ikkje kan lastast for hindringa. Dersom ein elev har rett til utsett eksamen i trekkfag, skal trekkinga av fag skje på ny.

    § 4-34 Særskild eksamen

    Ein elev som får karakteren 1 eller 0 i standpunktkarakter i fag, har rett til særskild eksamen i faget dersom - eleven ikkje er trekt ut til eksamen i faget - det gjeld eit fag der eksamen ordinært ikkje blir halden. Særskild eksamen blir normalt halden samtidig med utsett og ny eksamen.

    § 4-35 Plikt til å gi melding

    Fylkeskommunen har plikt til å gi elev/privatist melding om høve til ny eksamen, utsett eksamen, særskild eksamen.

    § 4-36 Særskild tilrettelegging av eksamen

    Når ein elev/privatist har særleg behov for det, kan fylkeskommunen samtykkje i at den praktiske gjennomføringa av eksamen blir særskilt tilrettelagd.

    § 4-37 Oppmelding til eksamen

    Offentleg vidaregåande skole melder opp til eksamen alle elevar som tek del i opplæring som blir avslutta med eksamen. Eleven må sjølv melde seg til ny eksamen, utsett eksamen og særskild eksamen. Oppmelding skjer til skolen. Ein elev som på grunn av stort fråvær i skoleåret eller av andre grunnar ikkje kan få standpunktkarakter, kan ikkje meldast opp som elev til eksamen i faget same skoleåret. Den som er elev i eit fag ved fristen for oppmelding til privatisteksamen, kan ikkje melde seg opp som privatist i faget til denne eksamenen. I særskilde tilfelle kan rektor gi dispensasjon. Oppmeldingsfristar blir fastsette av departementet.

    § 4-38 Særlege føresegner om eksamen for privatistar

    Privatistar har sjølv ansvaret for å melde seg til den skolen eller dei skolane som fylkeskommunen fastset innan fristar fastsette av departementet. Skolen avgjer om oppmelding kan godkjennast. Ein privatist kan ikkje melde seg til eksamen i same fag ved fleire skolar ved same eksamen. I dei studieretningsfaga der departementet har fastsett at nivåa byggjer på kvarandre, kan ikkje elevar i fag på høgare nivå gå opp som privatistar til eksamen i faget på lågare nivå same semester. Privatistar kan ikkje gå opp til eksamen på lågare nivå etter at eksamen på høgare nivå er gjennomført.