Eksamen

§ 4-29 Generelle føresegner

Departementet fastset kva fag som skal avsluttast med eksamen, forma på eksamen, fordelinga på lokale og sentrale eksamenar og instruks for den praktiske gjennomføringa av eksamen. Når eit fag blir trekt, skal eleven normalt få vite kva fag han/ho skal prøvast i 48 timar før eksamen (søndagar, høgtidsdagar og heilagdagar ikkje medrekna). Den som har fullført eit fag, kan trekkjast ut til eksamen i faget.

§ 4-30 Sentralt gitt eksamen

Ved sentralt gitt eksamen fastset departementet eksamensoppgåver, dato for den enkelte eksamenen, trekking av fag og elevar til eksamen, dato for melding om trekkfag og ordningar for sensur. Fylkeskommunen har ansvaret for den praktiske gjennomføringa av eksamen.

§ 4-31 Lokal eksamen

Fylkeskommunen har ansvaret for

  • at det blir utarbeidd og fastsett eksamensoppgåver etter retningslinjer gitt av departementet
  • at trekking av fag og kandidatar til eksamen går føre seg i samsvar med retningslinjer fastsette av departementet
  • at sensurering går føre seg i samsvar med retningslinjer fastsette av departementet
  • den praktiske gjennomføringa av eksamen og sensur.
Faglærar har plikt til å utarbeide forslag til eksamensoppgåver.

§ 4-32 Ny eksamen

Ein elev som får karakteren 1 eller 0 ved eksamen, har rett til ny eksamen i faget.

§ 4-33 Utsett eksamen

Ein elev/privatist som har dokumentert gyldig forfall ved ordinær eksamen, har rett til å framstille seg til utsett eksamen. Forfall til eksamen blir rekna som gyldig når eleven/privatisten er hindra frå å stille til eksamen, når hindringa er uføreseieleg og kandidaten elles ikkje kan lastast for hindringa. Dersom ein elev har rett til utsett eksamen i trekkfag, skal trekkinga av fag skje på ny.

§ 4-34 Særskild eksamen

Ein elev som får karakteren 1 eller 0 i standpunktkarakter i fag, har rett til særskild eksamen i faget dersom - eleven ikkje er trekt ut til eksamen i faget - det gjeld eit fag der eksamen ordinært ikkje blir halden. Særskild eksamen blir normalt halden samtidig med utsett og ny eksamen.

§ 4-35 Plikt til å gi melding

Fylkeskommunen har plikt til å gi elev/privatist melding om høve til ny eksamen, utsett eksamen, særskild eksamen.

§ 4-36 Særskild tilrettelegging av eksamen

Når ein elev/privatist har særleg behov for det, kan fylkeskommunen samtykkje i at den praktiske gjennomføringa av eksamen blir særskilt tilrettelagd.

§ 4-37 Oppmelding til eksamen

Offentleg vidaregåande skole melder opp til eksamen alle elevar som tek del i opplæring som blir avslutta med eksamen. Eleven må sjølv melde seg til ny eksamen, utsett eksamen og særskild eksamen. Oppmelding skjer til skolen. Ein elev som på grunn av stort fråvær i skoleåret eller av andre grunnar ikkje kan få standpunktkarakter, kan ikkje meldast opp som elev til eksamen i faget same skoleåret. Den som er elev i eit fag ved fristen for oppmelding til privatisteksamen, kan ikkje melde seg opp som privatist i faget til denne eksamenen. I særskilde tilfelle kan rektor gi dispensasjon. Oppmeldingsfristar blir fastsette av departementet.

§ 4-38 Særlege føresegner om eksamen for privatistar

Privatistar har sjølv ansvaret for å melde seg til den skolen eller dei skolane som fylkeskommunen fastset innan fristar fastsette av departementet. Skolen avgjer om oppmelding kan godkjennast. Ein privatist kan ikkje melde seg til eksamen i same fag ved fleire skolar ved same eksamen. I dei studieretningsfaga der departementet har fastsett at nivåa byggjer på kvarandre, kan ikkje elevar i fag på høgare nivå gå opp som privatistar til eksamen i faget på lågare nivå same semester. Privatistar kan ikkje gå opp til eksamen på lågare nivå etter at eksamen på høgare nivå er gjennomført.